Kontakt oss

Om Prestebakken Barnehage

Prestebakken barnehage er ein privat barnehage, med tre avdelingar, som ligg nydeleg til i Førde sentrum. I nærmiljøet har vi eit flott turområde med kort veg til skog og mark, og som næraste nabo til Førdehuset er vi også ivrige brukarar av bibliotek, kulturtilbod, treningshall og symjebasseng.

Vi har ei utvida småbarnsgruppe, og to avdelingar for barn i alderen 2-6 år. Småbarnsavdelinga har eit eige uteområde, dei minste får her ro til å bli godt kjende og trygge i barnehagen. Dei litt større barna har eit stort flott uteområde som stimulerar til allsidig leik og motorisk utfolding.

Vi har eit kompetent og svært godt kvalifisert personale som er med å skape eit aktivt og godt læringsmiljø for barna, der inkludering og venskap er sentralt i vår kvardag. Prestebakken har gode trygge vaksne som har fokus på å lære barna å bygge gode relasjonar der samahald og inkludering er viktigast av alt i lag med leik og læring.

Ei helsing frå barnehagen

Prestebakken barnehage er ein god plass å være for både små og store. Saman skapar vi ein god kvardag med mykje, latter, glede og humor, dagane er prega av omsorg og tryggheit. Leik og læring heng uløyseleg saman og vårt fokus er legge til rette for at kvart barn opplever meistring og tilhøyrigheit, at dei opplever inkludering og likeverd. Barna våre skal ha det beste utgangspunkt for å danne gode, sterke og trygge relasjonar.
Kom gjerne innom å helse på oss, vi er her for deg:)

Velkommen til oss !

Trude Arlen Horne
Styrar, Prestebakken Barnehage

Ring oss

Styrar: 578 20 422
Styrar mob: 481 10 069
Blå avd: 941 34 282
Rød avd: 469 51 371
Gul avd: 941 34 268

Besøk oss

Kyrkjevegen 30d, 6809 Førde
Opningstid: 0700-1630
Ved behov: 0645-17.15

Våre avdelinger

Her er det barna har sitt første møte med barnehagen. Rød avdeling har ekstra fokus på omsorg, ro og det å verte trygge i lag. Barna på rød avdeling er mellom 1-2 år. Avdelinga legg stor vekt på mjuke overgangar, ro og omsorg. barna går mykje tur i nærområdet, dei mater ender og lærere namn på alle våre småfugler gjennom Fuglevinduet.

Gul og blå avldeing er plassen for dei litt større barna., 2-5 år. Her lærer dei meir om samspel og gode verdiar. Avdelingane nyttar mykje den spennade vetteskogen og trollskogen som ligg i nærområdet. Leik, oppleveing og læring heng uløyseleg saman

Blå og gul avdeling samarbeider om det meste, barna har felles grupper på tevrs av avdelingane, og det er alltid rom for at barna for besøke og være med gode vener på motsett avdeling.
Rull til toppen