Om Prestebakken barnehage

Hovedinngang med sikt mot rød avdelingPrestebakken barnehage er ein privat barnehage som starta i 1991. Vi har tre avdelingar og ligg nydeleg til i Førde sentrum. I nærmiljøet har vi eit flott turområde med kort veg til skog og mark, og som næraste nabo til Førdehuset er vi også ivrige brukarar av bibliotek, kulturtilbod, treningshall og symjebasseng.
Vi har ei utvida småbarnsgruppe, og to avdelingar for barn i alderen 2-6 år. Småbarnsavdelinga har eit eige uteområde, dei minste får her ro til å bli godt kjende og trygge i barnehagen. Dei litt større barna har eit stort flott uteområde som stimulerar til allsidig leik og motorisk utfolding.
Vi synes og at Prestebakken er Førdes beste barnehage.

Her er det barna har sitt første møte med barnehagen. Rød avdeling har ekstra fokus på omsorg, ro og det å verte trygge i lag. Barna på rød avdeling er mellom 1-2 år. Avdelinga legg stor vekt på mjuke overgangar, ro og omsorg. barna går mykje tur i nærområdet, dei mater ender og lære namn på alle våre småfugler gjennom Fuglevinduet.

Gul og blå avdeling er plassen for dei litt større barna., 2-5 år. Her lærer dei meir om samspel og gode verdiar. Avdelingane nyttar mykje den spennade vetteskogen og trollskogen som ligg i nærområdet. Leik, oppleveing og læring heng uløyseleg saman

Blå og gul avdeling samarbeider om det meste, barna har felles grupper på tvers av avdelingane, og det er alltid rom for at barna får besøke og være med gode vener på motsett avdeling.

Nyere bilder

Eldre bilder

Fleste bildene fra ca 2010 +/- et par år

Rull til toppen