Vedtekter

Eigar og driftsvedtekter for Prestebakken Barnehage

Eigarvedtekter

SMÅBARNSFORELDRENES BARNEHAGE FØRDE SA

(PRESTEBAKKEN BARNEHAGE)

EIGARVEDTEKTER

20.03.2012

§ 1 Føretak

«Småbarnsforeldrenes barnehage Førde SA» er eit andelslag med skiftande medlemstal og kapital.

Føretaket har organisasjonsnummer: 958023863

Føretaket har forretningsadresse: Kyrkjevegen 30 D 6800 Førde

§ 2 Formål

Føretakets formål er å eige og drive barnehage til det beste for medlemane og deira barn. Formålet gjev ikkje kapitalavkastning til medlemane. Eventuelt årsoverskot skal godskrivas eigenkapital i føretaket.

§ 3 Medlemskap

Føretaket er opent for foreldre/føresette som får tilbod om barnehageplass i barnehagen. Når foreldre/føresette har akseptert tilbod om barnehageplass, pliktar dei å bli medlem av

føretaket. Medlemskapet kan etter avtale med dagleg leiar overdragast mellom føresette som har felles barn. Andelseigarane har førsterett til å ha sine barn i andelslaget sin barnehage. Ein andel gjev rett til å ha eit barn i barnehagenSkal føresette ha fleire barn i barnehagen, må det teiknast/kjøpast ein andel pr. barn. Barnehagen praktiserer søskenprioritet.

Medlemane skal ikkje betale medlemskontingent. Medlemane heftar ikkje overfor kreditorane for føretakets forpliktingar. Føretaket kan bruke elektronisk kommunikasjon når det skal gje meldingar, varsel, informasjon, dokument og liknande etter samvirkelova til medlemane, dette såframt medlemane har godtatt det og ikkje noko anna følgjer av lov om samvirkeføretaket.

Når eit medlem skal gje meldingar eller liknande etter lov om samvirkeføretaket, kan medlemane gjere dette ved hjelp av elektronisk kommunikasjon til den e-post adressa eller på den måten dagleg leiar eller styret har fastsatt til dette formålet.

§ 4 Andelsinnskot

Foreldre som får tilbod om barnehageplass må betale eit andelsinnskot. Kvar andel kostar kr 2000,-. Andelen kan verte overdratt til andre. Eigarstyret må godkjenne overdraginga innan 1. februar. Godkjent overdraging gjev rett til prioritet til barnehageplass etter barnehagen sine opptakskriterier. Overdraging mellom ektefellar og sambuarar som har felles barn treng ikkje slik godkjenning. Det skal likevel meldast andelslaget seinast 14 dagar etter at slik overdraging har funne stad. Andelsinnskotet forrentast ikkje.

§ 5 Utmelding

Eit medlem pliktar ved skriftlig utmelding å melde seg ut av føretaket samtidig som barnehageplassen blir oppsagt, med mindre annan overdraging er avtalt med styret.

Utmeldingsfristen er like lang som oppseiingsfristen av barnehageplassen. Ved overgang til skule vert det naturleg utmelding, og andelens verdi vert tilbakebetalt til medlemane.

§ 6 Utval i barnehagen

Samansetting og val av eigarstyre:

Laget skal ha eit eigarstyre på 3 medlemar med ein vara medlem, valde av årsmøtet.

Medlemane vert valt for 2 og vara medlemen for 1 år. Av styremedlemane (3) er høvesvis 2 og 1 på val annakvart år.

Årsmøtet vel leiar årleg. Eigarstyret vel sjølv nestleiar.

Revisor:

Ved krav om revisor vel årsmøtet revisor for laget.

Foreldreråd:

I samsvar med barnehagelova § 4 skal barnehagen ha eit foreldreråd, jf. vedtektene fastsette av eigarstyret i medhald av barnehagelova kapittel II. Foreldrerådet er foreldra/føresette for alle barna i barnehagen.

Samarbeidsutval:

I samsvar med barnehagelova § 4 skal barnehagen ha eit samarbeidsutval, jf. vedtektene fastsette av eigarstyret i medhald av barnehagelova kapittel II. Årsmøtet vel

foreldrerepresentantar og ein vararepresentant til samarbeidsutvalet for ein periode på 1 år.

Valnemnd:

Alle val skal førebuast av ei valnemnd, beståande av 3 personar samt ein vararepresentant. Medlemane og vara medlem er valde av årsmøtet for ein periode på 1 år. Ein skal tilstrebe å ha medlemar frå alle avdelingane i valnemnda. Årsmøtet peikar ut ein av medlemane som ansvarleg for å kalle inn til første møte og leie konstituering av nemnda.

Signatur – Prokura:

Leiar og eit medlem i eigarstyret har signaturen til laget. Styrar er gjeven prokura.

§ 7 Styrets oppgåver

Styret skal lede verksemda i samsvar med til ei kvar tid gjeldande lovverk, vedtekter og årsmøtets vedtak. Styret kan ta alle avgjerslene som ikkje i lova eller vedtektene er lagt til

andre organ. Styreleiar skal syte for at styret held møte så ofte som det trengst. Eit styremedlem eller dagleg leiar kan krevje at styret kallast saman for å ta opp bestemte saker.

Styret skal føre protokoll over styresakene i samsvar med samvirkelova. Protokollen skal underskrivast av dei styremedlemane som har vært med på styrebehandlinga.

Styret skal syte for ei forsvarleg organisering av verksemda.

Styret skal fastsette planar og budsjett for verksemda, og orientere om budsjettet på årsmøtet.

Styret skal holde seg orientert om føretakets økonomiske situasjon og skal sjå til at det blir ført fullgod kontroll med verksemda, regnskapet og forvaltning av formuen.

Styret vel regnskapsførar. Styret har ansvaret for at regnskapet saman med styrets beretning leggast fram for årsmøtet.

Styret skal sette i verk dei undersøkingane som styret meina er nødvendig for å kunne utføre sine oppgåver.

Styret skal føre tilsyn med dagleg leiar og verksemda i føretaket. Styret bør utarbeide og fastsette instruks for dagleg leiar.

Styret har arbeidsgjevaransvar i barnehagen.

§ 8 Styrets vedtak

Styret kan treffe vedtak når meir enn halvparten av alle styremedlemane er til stade eller er med på saksbehandlinga. Styret kan likevel ikkje treffe vedtak utan at alle styremedlemane så langt det er mulig har fått anledning til å delta i behandlinga av styresaken. Har nokon styremedlemar forfall, skal eit vara medlem kallast inn. Styret kan også bestemme at vara møter fast, på denne måten har vara innsikt i verksemda.

Eit styrevedtak krev at fleirtalet av dei styremedlemane som er med på behandlinga av ei sak, har stemt for. Står stemmene likt, gjelder det som møteleiar har stemt for. Dei som stemmer for eit vedtak som innebere ein endring, må likevel utgjere minst ein tredjedel av alle styremedlemane.

Ved val og tilsettingar er den som får flest stemmer valt eller tilsett. Styret kan på førehand fastsette at det skal stemmast på nytt dersom ingen får fleirtal av dei stemmene som er gitt. Står stemmetallet likt ved val av styreleiar eller møteleiar, blir vaglet avgjort ved loddtrekning. I andre tilfelle der stemmene står likt, gjelder det som møteleiar har stemt for.

§ 9 Dagleg leiar (Styrar)

Føretakets daglege leiar tilsettast av styret.

Dagleg leiar skal stå for den daglege administrative og pedagogiske leiinga av verksemda, og skal fjølge dei retningslinjer og pålegg som styret har gitt.

Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter forholda i føretaket er av uvanlig art eller av stor betyding.

Dagleg leiar kan elles avgjere ein sak etter fullmakt frå styret i kvart enkelt tilfelle eller når det er til vesentleg ulempe for føretaket å vente på styrevedtak. Styret skal ha melding om avgjersle så snart som mogleg.

Dagleg leiar skal syte for at føretakets regnskap er i samsvar med lov og forskrifter, og at formueforvaltning er ordna på ein trygg måte.

Dagleg leiar har ansvar for at barnehagen har eit internkontrollsystem som er i samsvar med gjeldande lover og føreskrifter.

Dagleg leiar skal minst kvar fjerde månad, i møte eller skriftleg, gi styret melding om verksemda i føretaket, tilstand for føretaket og resultatutvikling.

Styret og det enkelte styremedlem kan til ei kvar tid krevje at dagleg leiar gjev styret ein nærmare informasjon for bestemte saker.

§ 10 Årsmøte

Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Det skal haldast ordinært årsmøte kvart år innan utgangen av mars månad. Det skal sendast ut innkalling med 14 dagars varsel til andelseigarar som er registrerte per. 15. februar same år. Med innkallinga skal det følgje sakliste, årsmelding og årsrekneskap

Ekstraordinært årsmøte vert halde når:

– Eigarstyret finn det turvande.

– Minst ¼ av andelseigarane krev det. Også i dette tilfelle skal eigarstyret om mogleg halde innkallingsfristen på 14 dagar.

Årsmøtet skal handsame:

– Val av referent og to til skrive under protokollen

– Årsmelding og årsrekneskap.

– Dei val som er nemnde i § 6.

– Eventuelt endring i eigarvedtektene.

– Andre saker som er korrekt meldt inn for behandling.

Årsmøtet vert leia av leiar i eigarstyret. Alle vedtak som gjeld større endringar i laget sine vedtekter krev 2/3 fleirtal mellom dei frammøtte, og skal representere minst ½ av andelane. Andre saker vert vedtekne med simpelt fleirtal. Årsmøtet vel to personar til å skrive under årsmøteprotokollen.

§ 11 stemmereglar ved årsmøte

Kvar andel har ei stemme på årsmøtet, med mindre noko anna er bestemt. Kvar medlem kan møte ved fullmektig på årsmøtet, men ingen kan være fullmektig for meir enn ein andel. Fullmektigen må legge frem skriftleg og datert fullmakt. Ein beslutning av årsmøtet krev at fleirtalet av dei som deltar i behandlinga av ein sak, har stemt for. Ved stemmelikheit gjelder det som møteleiar har stemt for. Blanke stemmer skal sjåast som ikkje avgitt. Det stillast ingen krav til kor mange av dei stemmeberettiga som må være tilstade for at årsmøtet skal være beslutningsdyktig.

§ 12 vedtektsendring

Vedtak om vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei avgitte stemmer med mindre samvirkeloven stiller strengare krav.

§ 13 Oppløysing og avvikling

Oppløysning av føretaket besluttast av årsmøtet med det same fleirtal som gjelder for vedtektsendringar.

Føretakets medlemar har rett til å få utbetalt sine andelsinnskot dersom det er midlar i føretaket etter at det har dekket sine forpliktingar.

Gjenverande midlar utover dette skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål.

§ 14 Forholdet til lov om samvirkeføretak (samvirkeloven)

Dersom ikkje anna går fram av vedtektene, gjelder lov om samvirkeføretaket (samvirkeloven) av 29. juni 2007 nr. 81 i punkt 16.

Eigarstyre

Mars 2012

SMÅBARNSFORELDRENES BARNEHAGE FØRDE SA

(PRESTEBAKKEN BARNEHAGE)

 

DRIFTSVEDTEKTER

20.03.2012

1. EIGARFORHOLD

Andelslagets namn er: Prestebakken barnehage, barnehagen er eigd og driven av ”Småbarnforeldrenes barnehage Førde SA”

2. FØREMÅL

”Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.” Lov om barnehager § 1»

Barnehagen skal drivast i samsvar med:

a) Lov om barnehagar og Utdanningsdepartementet til ei kvar tid fastsette forskrifter og retningslinjer for drift av barnehage

b) Rammeplan for barnehagar

c) Vedtekter i Prestebakken barnehage

d) Årsplan/ handlingsplanar for barnehagen.

e) Lov om internkontroll og barnehagens eigne tryggleik /internkontrollrutinar.

f) Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

3. BARNEHAGENS ORGAN:

Eigarstyret

Eigarstyret er økonomisk rådgjevande for andeslaget og skal være eit kontrollorgan for andeslaget/barnehagen. Vidare fungerer eigarstyret som barnehagens øvre organ mellom

generalforsamlingane.

Årsmøtet (Generalforsamlinga)

Årsmøtet (generalforsamlinga) er andeslagets øvre myndigheit.

Det er fastsett eigne vedtekter for andeslaget

4. BARNEHAGEN SITT FORELDRERÅD OG SAMARBEIDSUTVAL

For å sikre samarbeidet med heimen, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. (Jfr. barnehagelova §4) .

Foreldrerådet består av foreldre/føresette til alle barna og skal fremje fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Ved avstemming i foreldreråd vert det gitt ei stemme for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld.

Det skal vere eit samarbeidsutval med to representantar for dei tilsette, og to for foreldrerådet, val vert gjort for eitt år i foreldreråd i tilknyting til årsmøtet i eigarlaget. Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Samarbeidsutvalet skal være et rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Eigar av barnehagen kan delta etter eige ynskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Samarbeidsutvalet skal behandle bl.a. årsplanen for den pedagogiske verksemda og skal bli førelagt og har rett til å uttale seg i saker som er viktig for barnehagen sitt innhald, verksemd og forholdet til foreldra. Slike saker er bl.a. budsjett, driftsendringar, utnytting av ute og inne areala m.m. Ved avstemming i samarbeidsutvalet gjeld vanleg fleirtal, ved stemmelikheit har leiaren dobbeltstemme. Styrar har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

5. OPPTAK – OPPSEIING

5.1 Opptakskriteria til plass i barnehagen

I Førde kommune er det samordna opptak som omfattar alle barnehagar i kommunen. Det er eitt hovudopptak på våren kvart år. Søknadsfrist for hovudopptak ca 15.mars. Fristar og rutinar vert kunngjort gjennom oppslag, annonse og Internett.

Tildeling av plassar ved hovudopptak vert gjort i mars/april, avslag på plass og plassering på venteliste vert sendt ut seinast 1.mai. Nye søkjarar som kjem inn etter fristen for hovudopptak, vert registrert på venteliste etter avslutta hovudopptak.

Etter at hovudopptak er avslutta har barnehagen kontinuerleg opptak og nye søknader vert registrert og handsama fortløpande.

Opptakskriteria

a) Internt opptak, endring av plass storleik (søknadsfrist før hovudopptak)

b) Opptak av søsken

c) ev. opptak av tilsettes barn (tinga av styrevedtak)

Opptak gjennom samordna opptak i Førde kommune (søknadsfrist ca 15.03.) føreset at barnet er busett i kommunen ved oppstart. Søkjarar frå andre kommunar kan bli

tildelt plass dersom det er ledige plassar.

Følgjande grupper er prioritert ved opptak:

1.a Barn med nedsett funksjonsevne jmf. Lov om barnehagar § 13.

1.b Barn som bør sikrast barnehageplass som ledd i førebyggande barnevern jmf.

Lov om barnevernstenester § 4-4

2 Andelseigarar som søker Prestebakken barnehage på 1 prioritet ved opptaket.

a) Andelar som er permisjon (ikkje nye andelar).

b) Sysken av andelar i permisjon (tvilling)

c) Nye andelseigarar (ved sysken er det det eldste barnet som har andel,

sysken får opptak etter punkt d, alder).

d) Sysken av nye andelseigarar (opptak etter alder).

4 Barn, utan andel som har søkt Prestebakken barnehage som 1,2,3 og 4 prioritet.

• Ved overdraging av andel går andelen til det eldste barnet. Ein kan kun søke om å få overdratt ein andel, ved eventuelle sysken vert dei prioritert etter 2 d.

• For å kunne gjere nytte av andelen må ein ved hovudopptak søke Prestebakken barnehage som førsteprioritet, om ikkje fell retten til gjere bruk av andelsprioriteten vekk.

• Ein kan søke permisjon på ein andel (t.d. skuleovergang) om det er venta familieauke i nær framtid, eller har ein har eit barn som skal ha barnehageplass seinare.

• Ein kan søke om å behalde andelen i permisjon eit år om det syner seg at ein ikkje har fått plass til barnet ved barnehagestart, ein vil da gjere bruk av retten ved neste opptak.

• Punkt 2 b. tvilling/trilling til andelar i permisjon vil ha prioritet foran nye andelssøkarar.

• Byter ein barnehage misser ein retten til å halde på andelen, verdien skal da tilbakebetalst til eigar av andelen.

• Ved opptak må ein ta omsyn til barnas alder og kjønn for å sikre ei balansert gruppesamansetjing. Barnehagen drøftar dette med kommunen før samordna opptak.

Syner det seg at barnehage må ta særskilt omsyn for å sikre balansert barngruppe så kan dette medføre i sjeldne tilfelle at nye andelseigarar kan bli tilsidesett.

• Opptak etter 1 og 2 forutset at tilfredsstillande dokumentasjon vert lagt fram frå hjelpetenesta i kommunen. Med hjelpetenesta meinast pedagogisk psykologisk

tenestekontor, lege, helsesøster, barnevernstenesta m.m. I dokumentasjonen skal det gå klart fram kvifor barnet har særleg trong for barnehageplass

• Eigarstyret står fritt til å endre aldersfordelinga i samband med opptak dersom økonomien i laget tilseier at det er naudsynt. Barn som er tildelt barnehageplass i

Prestebakken barnehage har førsterett til auke av opphaldstid når dei har begynt i barnehagen, dersom det etter styrar si vurdering er praktisk og pedagogisk mogleg.

Søknad sendast barnehagen og tildeling av ny opphaldstid vert gjort av styrar.

Opptaksmynde:

Dagleg leiar føretek opptaket til barnehagen i samsvar med opptakskriteria og følgjer den oppsette ventelista. Avgjersle om opptak skal fattast så snart som mogleg etter at barnehagen har motteke ei oppseiing.

Klage på avgjersla om opptak kan sendast til Klageutvalet i Førde kommune er klageorgan ved klage på tildeling av barnehageplass. Klage skal sendast rådmann og følgje rutinar for forskrift om sakshandsaming ved opptak til barnehage.

Ved tildeling av plass skriv foreldra under på at dei har godkjent barnehagen og andeslaget sine vedtekter.

Opptaksperiode:

Vi reknar eit barnehageår frå skulestart i august til skulestart året etter. Tildelt barnehageplass gjeld frå det tidspunkt som står på tildelingsbrev/kontrakt, og plassen er bindande til den vert sagt opp skriftleg, eller ut barnehageåret det året barnet begynner på skulen.

Oppseiing av andel/plass:

Plassen er bindande til den vert sagt opp skriftleg, eller ut barnehageåret det året barnet tek til på skulen. Ein andel skal seiast opp skriftlig med 3 månaders varsel. Oppseiingstida blir rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Eigarstyret held fast på retten til å krevje full betaling i oppseiingsperioden viss plassen ikkje kan overtas av andre. Oppsagt plass kan overtas av eit anna barn før oppseiingsperiodens utløp. Tilbakebetaling av andelen gjerast av styrar innan 14 dagar etter at oppseiingstida er ute. Dersom eit barn skal slutte etter 1. mai må det betalast foreldrebetaling for mai, juni og juli.

6. REGLAR FOR FORELDREBETALING.

Foreldrebetaling og søskenmoderasjon vert regulert gjennom § 15 i lov om barnehagar og til ei kvar tid gjeldande forskrift.

Eigarstyret kan gjere framlegg om auke av satsane utover makspris for å unngå nedlegging eller reduksjon av kvaliteten på tilbodet. Foreldrerådet sitt samtykke må føreligge. (jfr § 4 i forskrift om foreldrebetaling).

Foreldrebetalinga er månadleg i 11 månader, juli er betalingsfri. Betalingsfrist er 12. i kvar månad.

Dersom barnet/barna hentast etter ordinær(eller etter avtalt utvida) stengetid må foreldra betale eit gebyr for kvar påbegynte halvtime.

Ved misleghald av foreldrebetaling, er det eigarstyre som gjer vedtak om oppseiing av barnehageplassen.

Reduksjon eller fritak frå foreldrebetaling kan innvilgast etter Lov om sosiale tenester eller Lov om barneverntenester. Søknad skal rettast til Førde sosialkontor.

7. OPNINGSTIDER OG FERIE

Barnehagen held open fem dagar i veka frå kl. 06.45 – 17.15. Eigarstyret held fast retten til å endre opningstida etter at foreldra sine behov er kartlagt.

Onsdag før skjærtorsdag er barnehagen open til kl. 12.00. Julaftan og nyttårstaften held ein stengt.

Barnehagen held stengt på planleggingsdagar (inntil 5 planleggingsdagar i året). Nærmare beskjed gjevast i god tid. Dei fem planleggingsdagane inngår som den femte ferieveka til barna.

Ferien

I tillegg skal barna ha fri i 4 veker, 3 av vekene skal vere samanhengande og takast ut i perioden 15.mai og til skulestart (anna ordning kan søkjast om), Jfr. Pkt.7 om betalingsfri i

juli. Barna sin ferie skal meldast til barnehagen innan 15 april. På bakgrunn av denne informasjonen utarbeider dagleg leiar ferieliste for personalet og plan for sommardrift av

barnehagen. Planen vert førelagt samarbeidsutvalet til uttaling og eigarstyret til godkjenning innan utgangen av mai kvart år.

Dersom ikkje spesielle tilhøve tilseier noko anna skal barnet vere tilstades i barnehagen mellom 09.30 og 14.00 som eit minimum. Avvik frå dette skal det gjevast melding om.

8. MAT

Det vert innkrevd matpengar saman med foreldrebetalinga. Satsar som Førde kommune.

Frukost vert servert i barnehagen. Hovudmåltid vert tillaga i barnehagen. Hovudsakleg

brødmåltid. Snop og snacks berre i særlege tilfelle og etter avtale (t.d. feiring av fødselsdagar og andre festar).

9.AREALUTNYTTING

Barnehagens leike- og opphaldsareal føl Førde kommune sine gjeldande normer for areal. Kor mange barn som ut frå dette kan ha plass innanfor barnehagens totale areal, må likevel

vurderast konkret ved kvart opptak. Vedrørande arealutnytting gjelder til ei kvar tid «Lov om barnehagar»

10. HELSE FORHOLD/FRÅVÆR

Viss eit barn er sjuk eller har fråvær av andre grunner, må det gjevast beskjed til barnehagen så snart som mogleg. Uregelmessig frammøte utan at det gjevast melding til barnehagen kan

medføre at barnet mister plassen.

Sjuke eller sterkt forkjøla barn må holdast heime dersom det føreligger smittefare. Dersom barnet ikkje kan være ute og delta i aktivitetar på lik linje med de andre barna, bør barnet holdast heime. Daglig leder avgjør i tvilstilfelle om barnet kan være i barnehagen.

12. ANSVAR

Personalet har ansvar for barna den tida de er i barnehagen. Eigarstyret er pålagt å teikne ulykkesforsikring for barna.

Levering og henting av barna er foreldre/føresette sjølv ansvarlig for. Den som følgjar barnet til barnehagen må ikkje forlate barnet før det har vært i kontakt med personalet. Barnet skal hentes av ein voksen person som er kjent for personalet i barnehagen. Dersom barnet hentes av ein annen person enn den/de som vanlegvis hentar barnet, skal barnehagen ha beskjed frå barnets foreldre/føresette om kven som skal hente barnet.

Beskjeder til personalet, gitt gjennom barnet, skal være skriftleg.

Andelslaget/personalet har ikkje ansvar for barnet sine klede eller andre eigendelar.

Personalet må ikkje ta med barna som passasjerar i egen bil eller offentlig transportmiddel utan at det vert brukt forskriftsmessig sikring av barnet, og at det føreligg skriftlig samtykke frå foreldre/føresette.

13. INTERNKONTROLL

Barnehagen skal ha internkontrollsystem i samsvar med forskrift om systematisk helse, miljø og tryggleiksarbeid (internkontrollforskrifta). Dokumentasjon blir oppbevart i barnehagen.

Internkontrollperm for helse, miljø og tryggleiksarbeid er utarbeidet for barnehagen og holdast kontinuerlig oppdatert av dagleg leiar.

14. DAGLEG LEIAR/PERSONALE

Tilsetjing

Barnehagens daglege leiar tilsetjast av eigarstyret. Dagleg leiar representerer barnehagens eigar og er barnehagens daglige administrative og pedagogiske leiar. Dagleg leiar rapporterer

til samarbeidsutvalet og eigarstyret. Resten av personale vert tilsett av eigarstyret etter innstilling frå dagleg leiar. Politiattest må framleggast ved tiltreding.

Instruks

Instruks for dagleg leiar og resten av personale fastsettes av eigarstyret i barnehagen.

15. MISLEGHALD

Dersom foreldre/føresette som har barn i barnehagen bryter eller let vere å følgje disse vedtekter, foreldrerådets retningslinjer og avgjersle, eller let vere å betale til rett tid den

avtalte månadlige foreldrekontingenten til barnehagens drift, kan eigarstyret avgjere at det aktuelle barn skal utmeldes.

Eigarstyret kan i slike tilfelle krevje innløysing av andelen med straks verknad.

16. TAUSHETSPLIKT

Barnehagen skal ivareta forvaltningslovens vedtak om teieplikt, jr. §§13 til 13 f og Lov om barnehagar §21, og barnhagelovas opplysningsplikt §22 og §23.

17. DUGNADSPLIKT

Alle foreldrepar betalar kr 1000,- i dugnadsordninga pr. barnehageår, uansett antall barn/sysken ein har i barnehagen. Einslege forsytarar betalar kr 750,- i dugnadsordning pr

barnehageår. Betalinga skal skje innan september. Dagleg leiar krev inn pengane.

Alle foreldrepar, og einslege forsytarar skal i løpet av barnehageåret yte 500 dugnadspoeng,

tilsvarande 5 timar praktisk dugnadsarbeid. Andre dugnadstenester som til døme baking av kaker vert verdsett særskilt, og slik det går fram av informasjonsskriv i førekant av hendinga.

Den enkelte er sjølv ansvarleg for å rapportere inn opptente dugnadspoeng, dette ved å gje melding slik dagleg leiar fastset.

Følgjande punkt gjev fritak for dugnadsordninga eller delar av ordninga

• Medlemmar av eigarstyret vert fritekne for dugnadsbetaling og dugnadsarbeid

• Medlemmer i samarbeidsutvalet vert fritekne for dugnadsarbeid, men betalar dugnadsbetaling.

• Medlemmer i valnemnda får 200 poeng.

Eigarstyret kan avgjere at manglande dugnadspoeng skal betalast inn. Godtgjersle for overskytande dugnadspoeng skal avtalast med dagleg leiar på førehand.

18. HMS

Barnehagen skal foreta internkontroll etter gjeldande reglar og forskrifter.

19. ENDRING AV BARNEHAGENS VEDTEKTER

Desse vedtektene er vedtatt av eigarstyre i prestebakken barnehage. Eigarstyret har råderett til å endre barnehagens vedtekter etter at endringsforslag er førelagt samarbeidsutvalet til uttale.

Prestebakken barnehage Mars 2012

Rull til toppen