Vigilo i barnehagen

Dokumentasjon av personalet sitt arbeid synleggjer korleis personalet arbeider for å oppfylle krava i barnehagelova og rammeplanen. Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planleggje, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda. (Rammeplan 2017)

Barnehagen er ei pedagogisk verksemd som skal planleggast, dokumenterast og vurderast. Dette er prosessar som vi arbeide kontinuerleg med i verksemda. Dokumentasjon gjev foreldre og andre innblikk i barnehagen, og vi får synt fram kva vi gjer på. Planlegging er viktig i forhold til gjennomtenkt og hensiktsmessig bruk av barnehagens menneskelige og materielle ressursar, barnehagens innhald, samt bruk av nærmiljø og nærområde. Barnehagen nyttar ulike måtar å dokumentere på, tildømes er fortellingar om barnets dag i hentesituasjonen ein fin måte å dokumentere verbalt på. Ein anna sentaral hovudkjelde til dokumentasjon i vår barnehage er det nettbaserte tovegs- kommunikasjonsverktyet Vigilo.

Vigilo er et digitalt verktøy for bruk i barnehagen, bruken er tilpassa digitale plattformer, som nettbrett/iPad, datamaskiner og mobiltelefoner. Systemet er enkelt å bruke, og nyttast av både tilsette og foreldre med sikker pålogging. Meir om Vigilo får du info folder fra barnehagen :).

Vigilo er også ein plattform for dei tilsette som gjer planlegging og dokumentasjon av barnehagekvardagen enklare. Her lagast det vekeplanar og det planleggast spennande aktivitetar. På enkelt vis er det mulig å dokumentere med ord og bilete, samt lage spennande rapporter.. Ved å bruke Vigilo sparer pedagogane dyrebar tid i det daglege og får frigitt tid til å være meir saman med barna, samt vi sikrar ein lik dokumentasjonspraksis i barnehagen.

Systemet er enkelt å bruke, og nyttast av både tilsette og foreldre med sikker pålogging.

Rull til toppen