Prestebakken barnehage

IMG_68601
P002102
IMG_4745
IMG_2125
IMG_6529 (2)
IMG_1109
previous arrow
next arrow
Shadow

Velkommen til oss


Prestebakken barnehage er ein lun og god privat barnehage, som ligg nydeleg til i Førde sentrum. I vårt nærmiljøet har vi eit svært flott turområde med kort veg til skog og mark, og som næraste nabo til Førdehuset er vi også ivrige brukarar av bibliotek, kulturtilbod, treningshall og symjebasseng. Småbarnsavdelinga har eit eige uteområde, dei minste får her ro til å bli godt kjende og trygge i barnehagen. Dei litt større barna har eit stort flott uteområde som stimulerar til allsidig leik og motorisk utfolding. Vi har eit kompetent og godt kvalifisert personale som er med å skape eit aktivt og godt læringsmiljø for barna, der inkludering og venskap står sentralt i vår kvardag. Prestebakken har gode trygge vaksne som har fokus på å ta ivare og å bygge gode relasjonar, der omsorg, samhald og inkludering er viktigast av alt saman med leik og læring. Kanskje det er nettopp vår trygge, gode og omsorgsfulle kvardag du ynskjer at barnet ditt skal få oppleve.
Ta turen innom og hels på oss

Her er de 292 barnehagene foreldrene er mest fornøyd med

Hipp hurra 😄 Av 3403 barnehagar i Norge som deltok i brukarundersøkinga kom Prestebakken barnehage blant dei 292 barnehagane i landet med score 5 eller 4,9 som blant dei barnehagane i landet foreldra er mest fornøgd med
Eit godt arbeidsmiljo, dedikerte tilsette med ein genuin interesse for barns trivsel og utvikling er ein av suksessfaktorane for eit godt læringsmiljo der glede, omsorg, inkludering og varme er sentrale omgrep. Trygge barn og trygge tilsette gjev også det beste utgangspunkt for eit godt foreldresamarbeid
Vi takkar foreldra våre for tilliten, det gjev oss glede og motivasjon til å halde fram det gode arbeidet i barnehagen vår. 😊 Takk!

Kom, bli med inn til oss og sjå litt av det vi held på med