Formål og innhald

Formål ig innhold i Prestebakken

Sirkelen for formål og innhald i Prestebakken barnehage

Ei av hovudoppgåvene til personale i barnehagen er å skape omsorg for barna. Ved å skape god og nær omsorg skapar vi også ein trygg barnehagekvardag for barna. Vårt personale har omsorg i fokus, dette er ikkje berre sjølvsagt men og ei yrkesetisk plikt. Barna skal føle seg trygge, dei skal verte sett, høyrt og rettleia. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonar mellom dei vaksne, tilsette, foreldra og barna og om barnas omsorg for kvarandre. Gjennom det daglege samspelet med barn og vaksne skal barn erfare og lære korleis eins eigne handlingar påverkar andre. Ein omsorgsfull relasjon er prega av at ein er lydhøyr, at det er nærleik, innleving, evne og vilje til samspel. Omsorg er tilstadeværelse.

I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for omsorg i barnehagekvardagen.

Vi i Prestebakken barnehage ynskjer å skape eit stimulerande utviklingsmiljø der barna kan utforske verden gjennom leik og samspel med barn og vaksne, slik at dei kan utvikle eit positivt sjølvbilete og tileigne seg verdiar som kan gjere barna rusta på best mogleg måte til å møte dei krav og forventningar som framtida vil bringe. For barnehagebarn er leik den dominerande form for aktivitet. Leiken har ei sentral rolle for å utvikle og styrke barnets sjølvoppfatning og identitet. Leik er den viktigaste form for aktivitet i barnehagen og i eit barns liv. Leik og læring heng uløyseleg saman, desse faktorane kan ikkje skiljast frå kvarandre. I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for leik i barnehagekvardagen.
Omgrepet danning er eit svært sentralt og viktig omgrep og rommar mange aspekter i barnehagens kvardag. Danning knytast til barnets læringsprosessar, der barnet får muligheiter i lag med oss vaksne å praktiserer medverknad og demokrati. Prestebakken barnehage skal være ein plattform for danning til humanitet og demokrati. Vi skal være vaksne som oppmuntrar barna til å vere prøvande og nysgjerrige på omverda, og vi vil bidra til å legge grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Ved at barnehagen er med og fremmar positive samhandlingar og solidaritet vil ein kunne redusere avvising, mobbing og vald. Barna lærer gjennom opplevingar og erfaringar med kvarandre og med oss vaksne i barnehagen. For å danne eit godt ”danningsmiljø” i barnehagen er det viktig at kulturen i barnehagen er prega av felles verdiar og normer, eit trygt og godt fellesskap, demokrati, omsorg og medansvar I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for omgrepet danning i barnehagekvardagen.

Vi i Prestebakken barnehage ynskjer å skape eit stimulerande læringsmiljø der barna kan utforske verden gjennom leik og samspel med barn og vaksne. Personale skal legge til rette for at miljøet i barnehagen skal støtte opp om barnas lyst til å utforske, leike, lære og meistre, dette ved å introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materialer osv. Barnas nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær skal anerkjennast, stimulerast og leggast til grunn for deira læringsprosessar. Barna skal få undersøke, oppdage og forstå sammenhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt.

Den beste læring skjer ved å erfare i lag. Det er læring i alle gjeremål, enten det er leik eller slik som her ved å få hjelp til å brette opp erme før handvask 🙂

I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for læring i barnehagekvardagen.

Eit viktig tema i barnehagen er vennskap og fellesskap, derfor jobber vi mykje med relasjonskompetanse både mellom barn, tilsette og foreldre. Dette er eit fruktbart arbeid, der bevistgjering av korleis relasjonskompetanse påverkar kvardagen vår kjem til syne i det daglege samhaldet. Ringverknadane er synlege i form av gode vennskap, god dialog, glade barn og tilsette som trivast i jobben sin.

Vi ynskjer også involvere dykk foreldre i dette viktige arbeidet, målet er at barna skal ha med seg ein god ballast og god relasjonskompetanse over i skule. Vi skal arbeide med å auke kunnskap og haldningar, evner og ferdigheiter til å utvikle, vedlikehalde og reparere relasjonar mellom menneskjer. Det er også bevist at det er langt mindre mobbing der barna har ein god relasjonskompetanse, vidare syner det seg også at det vert mindre fråfall i seinare skulegang.

Barnas tidlege erfaringar med jamaldringar har stor betyding for barnas utvikling av samspelsferdigheiter. Korleis barnet vert møtt av andre dannar grunnlag for korleis barna utviklar eigen sjølvkjensle. Ved at barnehagen er med og fremmar positive haldningar vil ein kunne redusere avvising, mobbing og vald. Barna lærer gjennom opplevingar og erfaringar med kvarandre og med oss vaksne i barnehage

I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for vennskap og fellesskap i barnehagekvardagen.

Å arbeide med barnas språkutvikling er eit viktig arbeide i kvardagen vår. Barnas evne til å bruke språket er avgjerande for barnets kommunikasjon med andre barn og vaksne, det handlar om å forstå og gjere seg forstått, barna set ord på erfaringar, dei fortel om viktige ting, og dei klarar etterkvart å reflektere i lag med andre barn og vaksne. Språk er avgjerande for læring, sosiale relasjonar og venskap. På lengre sikt er språkutviklinga avgjerande for å kunne være ein deltakar i moderne demokrati og i eit kunnskaps og utdanningssamfunn.

Barnehagen skal vere bevisst på at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, medrekna teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. I barnehagar for samiske barn i samiske distrikt skal barnehagen fremje den samiskspråklege kompetansen til barna. (Rammeplan, 2017)

I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for kommunikasjon og språk i barnehagekvardagen.

I rammeplanen under natur og miljø står det at barna skal få kjennskap til samisk språk, kultur og tradisjon knytt til nasjonale minioritetar, herblandt samefolket. Samefolket sin kultur og tradisjon er ein minioritet som vi markerer i barnehagen. Det at barnehagen tideleg syner barna møte med ulike kulturar og tradisjonar er viktig med tanke på respektfull samhandling mellom ulike etniske grupper. Vi ynskjer å skape ein bevistheit om eigen kulturarv og delaktigheit i andres kultur, og på den måten bidra til forståing og toleranse for forskjellige kulturar og ulike måtar å leve på. I Prestebakken barnehage har vi valt å formidle samisk kultur og tradisjon rundt samedagen 6 februar.

I barnehagens årsplan kan du lese meir om korleis barnehagen legg til rette for samisk kultur i barnehagen.

Rull til toppen