Prisoversikt og informasjon om barnehagerettar
Prestebakken barnehage har andel. Ta kontakt for meir info.
Det er 2 moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt. Ordningane gjeld både kommunale og private barnehagar.
1. Gratis kjernetid
Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2016 er denne inntektsgrensa sett til 417 000 kroner.
Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timar uavhengig av storleiken på plassen. Om nokon veljer kun å bruke dei 20 timane, er tilbodet gratis.
2. Redusert foreldrebetaling
Ordninga med redusert foreldrebetaling går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. I 2016 gjeld denne ordninga for hushaldningar med ei samla inntekt som er lågare enn 486 750 kroner per år.
Korleis får eg gratis kjernetid eller redusert foreldrebetaling?
For å få redusert pris på grunn av låg inntekt eller gratis kjernetid må du sende søknad til kommunen, som tek imot søknader for alle barnehagane i Førde, uavhengig om den er kommunal eller privat.
Du må legge ved kopi av siste sjølvmelding, eller annan dokumentasjon av inntekt. All inntekt må dokumenterast. Søknader med manglande dokumentasjon vert returnert.
Har du fått innvilga søknad for eit barnehageår, må du likevel søke for seinare år.
•Søknadsfrist: 1. oktober
Søknaden sender du til:Sunnfjord kommune. Postboks 338,6802 Førde