Velkommen til oss


Prestebakken barnehage er ein lun og god privat barnehage, som ligg nydeleg til i Førde sentrum. I vårt nærmiljøet har vi eit svært flott turområde med kort veg til skog og mark, og som næraste nabo til Førdehuset er vi også ivrige brukarar av bibliotek, kulturtilbod, treningshall og symjebasseng. Småbarnsavdelinga har eit eige uteområde, dei minste får her ro til å bli godt kjende og trygge i barnehagen. Dei litt større barna har eit stort flott uteområde som stimulerar til allsidig leik og motorisk utfolding. Vi har eit kompetent og godt kvalifisert personale som er med å skape eit aktivt og godt læringsmiljø for barna, der inkludering og venskap står sentralt i vår kvardag. Ta turen innom og hels på oss.

barnehage.no